27 Feb

Gründer og dagleg leiar – eller ein av kvar?

GrunderDagligLeder

Den kreative skaparkrafta, viljen og evna til å setje seg mål,  er navet i eit gründerselskap. For at hjula skal gå rundt må navet fungere – det må smørjast og pressast passe hardt. Produktutvikling, problemløysing og kreativt arbeid må prioriterast for å skape suksess. 

Eg kjende godt Torstein. Han var ein kjellargründer som hadde arbeidd godt med fleire idear. Han erfarte at ideane han hadde sett ut i livet kunne bli noko stort, kva nå og korleis?

Å vere gründer var spennande, utfordrande og etter kvart svært tidkrevjande.

Det treng ikkje vere motsetnad mellom dagleg drift og kreativitet, men i  mitt døme vart dette eit nødvendig og viktig skilje som la grunnlaget for vidare produktutvikling og vekst.

Viktig avgjerd

Torstein har fleire gonger sagt at ein av dei viktigaste avgjerder han har teke som gründer, var å tilsetje ein dagleg leiar til å ta seg av papirarbeid, økonomi, organisasjon og personale. Det gav han sjølv høve til å halde fokus på det som har vore viktig for å lukkast: produktutvikling, problemløysing for kundane og den kreative skaparkrafta – altså navet som har fått hjula i gründerselskapet Highsoft til å rulle rette vegen. Det er fort å misse dette fokuset dersom ein gründer heile tida må prioritere tida si mellom viktige administrative arbeidsoppgåver og produktutvikling. Ei slik prioritering kan også føre til unødig natt- og helgearbeid. Highsoft har sidan starten hatt ein god økonomisk posisjon som har gjort dette valet lett.

Økonomi, finansiering og offentlege avgifter er sentrale og viktige fagområder for eit selskap i oppstartsfasen. Her er det mange mulegheiter, men også fallgruber som ein dagleg leiar må kjenne til. Organisasjonsbygging og -utvikling, personale og rekruttering må også planleggast og prioriterast. Ikkje mindre viktig er salsarbeid og kunderetta oppfølging. Alt i alt eit breitt spekter at arbeidsoppgåver som ein dagleg leiar kan setje i verk utan at gründeren treng å flytte fokus frå den daglege verdiskapinga og produktutviklinga.

Dagleg leiar må alltid hugse at eit gründerselskap ikkje er ein liten kopi av ein stor organisasjon, men eit lite selskap som kan bli til noko stort gjennom godt arbeid.

Tett samarbeid er nøkkel

Eg vart tilsett som dagleg leiar i Highsoft i desember 2010 og har hatt gleda av å vere med på å prege Highsoft si utvikling.  I tillegg til å arbeide med dei klassiske administrative oppgåvene, har eg brukt mykje tid på å lytt til mange og bygge nettverk. Eg har sytt for golvvask og kokt kaffi. Eg har sett nytten av å vere bestemt, men klar til å skifte meining. Eg har lagt planar for dårlege tider og lagt dei i skuffa og vore kritisk entusiastisk når eg synest det var nødvendig.

Tett samarbeid og god koordinering må fungere godt mellom dagleg leiar og gründer. Dette kan lærast. Eg har hatt internkurs framføre speigelen på badet kvar morgon sidan desember 2010 – og tør påstå at eg har lært mykje. Må berre hugse å øve kvar dag!

Torstein Hønsi er gründer i Highsoft og han har utvikla Highcharts – diagramverktøy for nettsider og apps- til ein solid gründersuksess.

Torstein er glad han valte å tilsetje dagleg leiar rett etter at Highcharts vart lansert i 2010.

Gründerens rolle

Eg er framleis dagleg leiar i selskapet og gledar meg over at eg var tilsett nummer ein i Highsoft og at eg fått vere med å setje mine spor i og rundt milepælane i selskapet.

I skrivande stund har vi svært mange nøgde kundar over heile verda, 40 mill i omsetnad i 2014,  15 tilsette, tre innleigde konsulentar i eit kreativt team som er med å utvikle nye idear. Alt  dette fordi Highcharts-gründeren valde å halde fokus på produktutvikling og problemløysing for å dekke  kundane sine behov og vidareutvikle Highcharts allereie i oppstartsfasen.

Fleire gründera arbeider svært mykje for å rekke over både kreativ utvikling og dagleg drift. For nokre kan dette fungere, men for mange kan dette vere ein uheldig og øydeleggande kombinasjon. For gründera som har ambisjonar om å realisere draumen sin, er det etter mi meining viktigare å tilsetje ein dagleg leiar før dei tilset andre fagfolk.  Dette var vart viktig for Highsoft.

 

Om forfatteren
Grethe Hjetland er utdanna økonom og har lang erfaring fra banknæringa og den lokale it-bransjen. Fra 2010 har Grethe vore dagleg leiar i Highsoft AS og hatt ei sentral rolle med å bygge opp selskapet. Highsoft er eit gründerselskap som er lokalisert i Vik i Sogn. Highsoft servar nøgde kundar over heile verda med suksessproduktet Highcharts, vann Gründerprisen i Sogn og Fjordane i 2012 og har vore nominert til fleire andre prisar. Grethe er aktiv styremedlem i fleire lokale selskap. I tillegg er ho medlem i prosjektstyret for VRI3 Samhandling Sogn og Fjordane. Grethe skriv nynorsk, jobbar på engelsk, tenkjer enkelt og ler mykje.